Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Det er 3 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Innovasjonscamp 2024

Lye ungdomsskule markerte verdsdagen for psykisk helse i veke 42 med ein innovasjonscamp, i samarbeid med Ungt Entreprenørskap og Åna fengsel. 

Lye ungdomsskule markerte verdsdagen for psykisk helse i veke 42 med ein innovasjonscamp, i samarbeid med Ungt Entreprenørskap og Åna fengsel.

Ungt Entreprenørskap leia kick-off og gav elevane nyttige tips for å arbeida med problemstillinga frå Åna fengsel. Problemstillinga elevane fekk var: «Korleis kan de løyse problemet med einsemd og utanforskap? Kom opp med ein idè, produkt eller teneste, som vil førebyggje einsemd og utanforskap på Lye ungdomsskule».

Tysdag og onsdag arbeidde elevane ivrig for å utvikle gode idear til tenester eller produkt som kunne vere moglege å gjennomføre. Dei laga filmar, spel og presentasjonar, som dei nytta når dei framførte ideane sine for juryen.

Torsdag vart vinnarane av innovasjonscampen kåra. Etter ein innleiande runde der fire jurypanel vurderte bidraga, gjekk 6 av 27 grupper vidare til superfinalen. Finalistane imponerte med framføringane sine for heile skulen, og til eit entusiastisk publikum. Dei tre vinnargruppene fekk ulike premiar. Førsteplassen (gruppe frå 8A) vann paintball for heile klassen samt eit års tilgang til FuelBox-appen. Deira ide handla om eit brettspel kalla «Yellow Happinnes».

Andreplassen gjekk til ei gruppe frå 9. trinn for ideen om eit bli-kjent-skjema som hjelper elevar å finne andre med like interesser, både på eigen og andre skular. Premien var ein gruppetur til Fangene på fortet. Tredjeplassen gjekk til ei gruppe frå 8A, som vann ein tur til Stadion Bowling. Dei hadde ideen om å vidareutvikla tilbod om friminuttsaktivitetar ved å nytte «Trivselsleiar» på ungdomsskulen. I tillegg vart to vinnarar trekt til ein premie på to månaders trening ved Robust treningssenter på Bryne. Gratulera til alle vinnarane!

Me er svært takksame for alle dei kreative bidraga frå elevane under innovasjonscampen, og fleire av ideane vil me sjå på moglegheita for å vidareutvikle. Torsdag vart det også arrangert ein koseleg klassekafé, noko elevane sette stor pris på!

Tusen takk til alle som bidrog til ein fantastisk innovasjonscamp på Lye ungdomsskule:
Ungt Entreprenørskap og Åna fengsel.

Hjarteleg takk til sponsorane:

Reke Event på Sola
FuelBox frå Berta Lende Røed
Fangene på Fortet Stavanger
Stadion Bowling på Bryne
Robust Trening og Fysioterapi på Bryne

Stor takk til eksterne jurymedlemmar frå PPT, Åna fengsel, Blå Kors, Time sin SLT-koordinator, og politikontakten i Time kommune.
Tusen takk til føresette på Lye ungdomsskule for nydeleg bakst.
Tusen takk til lærarane, miljøarbeidarane, og Laget på Lye ungdomsskule for «LagDagenGod» for elevane.  

Main Image

Bilete 1 av 14