Dette medfører til mellom anna følgjande tiltak på skulen vår:
- Elevane vert delt inn i kohortar. Ein klasse vert vanlegvis rekna som ein kohort
- To kohortar kan samarbeida
- Det er tilrådd at elevane har faste plasser i klasserommet
Du finn meir informasjon om kva tiltak som gjeld på gult nivå i trafikklysmodellen for ungdomsskulane her.
Me vil minna om at I situasjonen me nå står I er viktige førebyggande tiltak:
1. At sjuke personar ikkje kjem på skulen
2. God hygiene. Hostehygiene for å avgrensa dråpesmitte, og handhygiene for å hindra kontaktsmitte.
3. Godt reinhald for å førebygga kontaktsmitte
For informasjon om kva ein skal gjera når symptom oppstår og ein lurer på kva reglar som gjeld for karantene kan ein lesa om dette på kommunen si heimeside her.
Dersom det vert auka smitte er det kommuneoverlegen som vurderer om enkelte skular, fleire eller alle skulane skal over til neste nivå på rødt.