Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
FN dag på Bryne skule - Idas Hjelpefond

 I dag, fredag 25.oktober, markerte Bryne skule FN dag. Knallkjekk dag med mykje aktivitet.

Dagen starta med besøk av Ida frå Idas Hjelpefond. Ho fortalte om det viktige arbeidet til Hjelpefondet i Guatemala.

VIPPS Idas Hjelpefond: 134897  (NB: Merk overføringa “Bryne skule”) 

Det er i dag 35 barn som får direkte hjelp og støtte frå Idas Hjelpefond.

Ida fortalte at pengane me samlar inn dette året først og fremst vil bli brukt til helsehjelp (bl.a. legebesøk og tannlege). Dette kostar mykje og det er kjekt at me på Bryne skule kan bidra til å hjelpa desse gutane og jentene i Guatemala til å få eit betre liv og betre mulighetar.

Elevane på Bryne skule har i dag både marsjert (5.-7.trinn) og hatt skulejogg (1.-4.trinn). Veldig god stemning og fantastisk innsats.

Det er opp til kva enkelt av dykk (foreldre/besteforeldre) kor mykje de eventuelt vil støtta prosjektet. Det eg kan sei (på vegne av skulen) er at elevane har lagt ned ein super innsats i å springe/marsjere og at alle pengane som vert gitt til Idas Hjelpefond vil bli brukt til eit veldig godt prosjekt.

Eg legg ut mot slutten av neste veke kor mykje pengar me samla inn denne gongen.

Takk for innsatsen alle saman (både barn og vaksne).