Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51776410 / 48293505 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 407 4349 Bryne
Redaktør: Astrid Fjeld
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2017><<
desember 2017
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
des
17
2017
Konsert på Rosseland skule med Rosseland skulekorps, Frøyland skulekorps og kulturskuleelevar
kl 18:00-19:30
des
18
2017
Julekonsert i Lille Aula for alle fiolinelevar til Agnieszka
kl 17:00-18:00
des
18
2017
Julekonsert i Stor aula for gitarelevar til Ole, trommeelevar til Bernt Yngve og Bankers
kl 17:00-18:00
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kulturskulestipend for ungdom

 

Jæren sparebank deler årleg ut stipend for å motivera, skapa engasjement, inspirera og gje påskjønning til ungdom på kulturskulen. 

 

Stipendet vert delt ut årleg,  på følgjande tidspunkt:

1.      Haust 2015 – søknadsfrist 15. september 2015, utdeling 14. oktober 2015 (Søkjarar tom 3. vgs vår 2015)

2.      Vår 2016 - søknadsfrist 1. februar 2016, utdeling 18. april 2016 (Søkjarar tom 3. vgs vår 2016)

3.      Vår 2017 – søknadsfrist 1. februar 2017, utdeling vår 2017 (Søkjarar tom 3. vgs vår 2017)  

 

4.  Vår 2018- søknadsfrist 20.januar 2018, utdeling søndag 15.april 2018 i Storstova (Søkjarar 8.trinn - t.o.m.3.vgs våren 2018)

Det vert delt ut 3 stipend a kr 10.000,- kvar gong.

Stipendet består av ein sjekk for utbetaling av stipend, eit diplom og eit kunstverk utarbeidd av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit.
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar.
Stipendet er for ungdom i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med siste år på vidaregåande skule.

Kriterier for tildeling:
Søkjar skal vera aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustad-adresse i Time kommune. Dersom kommunestrukturen endrar seg i framtida, må ein ta opp tildelingsreglane på nytt.
Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande skriving.
Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretninga Musikk. Dette skal spesifiserast i søknaden.
Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag.
Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det skal nyttast til. Dette skal spesifiserast i søknaden.
Søkjar kan blir bedt om å levere inn dokumentasjon på eige arbeid i form av lydinnspeling/foto/filmopptak.
Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar eller dirigent.

Tildeling:

Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for tildeling av stipend.
Søkjar må oppfylle kriterier/krav som er nedfelt.
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert ved tildeling.
Det er ønskjeleg med referansar.
Grunngjevinga for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i vurderinga.
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement.   

Oppgåver for den som får tildelt stipend:

Den som får tildelt stipend skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet.
Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren sparebank kunne stille med sceneinnslag på arrangement i regi av bedrifta.  

Søknadskjema:

Søkjar nytter vedlagt søknadskjema.
Søknaden sendast innan gitt frist på mail til: kulturskulen@time.kommune
Eller via post til:
Time kulturskule, Time kommune,
postboks 38,
4349 Bryne.  

Bryne, mai 2015

Jæren Sparebank og Time kulturskule