Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51776410 / 48293505 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 407 4349 Bryne
Redaktør: Astrid Fjeld
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2017><<
desember 2017
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
des
17
2017
Konsert på Rosseland skule med Rosseland skulekorps, Frøyland skulekorps og kulturskuleelevar
kl 18:00-19:30
des
18
2017
Julekonsert i Lille Aula for alle fiolinelevar til Agnieszka
kl 17:00-18:00
des
18
2017
Julekonsert i Stor aula for gitarelevar til Ole, trommeelevar til Bernt Yngve og Bankers
kl 17:00-18:00
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om kulturskulen


Time kulturskule vart oppretta som kommunal musikkskule i 1971. Skulen har i dag ca. 550 elevplassar fordelt på ca 475 ulike personar(nokre går på fleire fag). 
I tillegg kjem medlemmar av skulekorps og elevar som får tilbod om opplæring via grunnskular og barnehagar.

Time kulturskule er organisert under kommunaleining for oppvekst og er ein skule for undervisning innan kunstnariske og kulturelle fag.

Time kulturskule var 2007 til 2009 utvald til å vera ein av 4 kulturskular som demonstrasjonsskule av Utdanningsdepartementet.

Me har 5 ulike fagretningar og ulike tilbod innan musikk, dans/ballett, drama/teater, kunstfag og skapande skriving.

Kulturskulen fungerer som eit ressurssenter for musikk- kunst- og kulturfag i kommunen.

Skulen har spisskompetanse på dei estetiske faga og arbeider dagleg med å gje barn og ungdom høve til å oppleva, utøva og utvikla seg gjennom kunst- og kulturfagleg verksemd.

I kulturskulen får elevane tilpassaopplæring i musikk og kulturfag basert på kvalitet og glede. Det er ikkje krav til forkunnskap for å få tildelt plass.

Kulturskulen har mange konsertar, utstillingar og framsyningar i løpet av skuleåret. I tillegg er elevar ofte ute på ulike speleoppdrag i kommunen. Å vera elev i kulturskulen krev øving og innsats heime mellom undervisnings-timane.

Rammeplan og fagplanar
Hausten 2016 vedtok Levekår i Time kommune at rammeplanen "Mangfold og fordypning"skal danne grunnlag for drift og utvikling av Time kulturskule. Lenke til Rammeplanen finnes på framsida til denne nettsida.
Den største endringa er at opplæringa nå deles inn i Breddeprogram, Kjerneprogram og Fordjupningsprogram. 
Breddeprogram: fagområder der vi har samarbeid med andre, f.eks kompetansesenteret om faget Fargeglobus, Fritidsavdelinga med faget Bankers, korgruppe som ein forløper til solosangundervisning, Musikk frå livets begynnnelse - musikk mellom liten og stor- samarbeid forreninga med same navn.
Kjerneprogram: Undervisning i dei ulike fagområda slik vi har hatt gjennom mange år.
Fordjupningsprogram er bl.anna Fredagsskulen og høve for elevar å delta i Unge talenter  Bjergsted -regionalt program i Stavanger.

Fagplanar: Det er utarbeida fagplanar for alle fagområder. Desse finnes samla under Meny/Informasjon/Fagplaner og elles på nettsida under det enkelte fagområde/instrument.
Det vert i tillegg utarbeidd årsplan for kvar elev som har individuell ressurs, uansett om dei har einetime eller går i gruppe. Desse er tilgjengelege hos den enkelte lærar og administrasjon.
Alle gruppefag utarbeider semesterplaner. Desse er tilgjengelege hos den enkelte lærar og administrasjon.

Samarbeid

Kulturskulen samarbeider med barnehagar og grunnskular i kommunen.

Kulturskulen bidreg i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.

Me samarbeider også med Jæren symfoniorkester. Som eit ledd i talentutvikling vil me setja i gang samarbeid utover kommunegrensa.

JUSI – Jæren ung symfoni er eit orkester-tilbod for elevar på stryke-/ og blåse-instrument.
Samspelopplegget er ein del avundervisninga på desse instrumenta. Tilbodet er i samarbeid med Hå kulturskule og Klepp kulturskule. 

Fargeglobus – musikksamlingar for elevar på språkstasjonen. Opplegget er ein del av den obligatoriske skuledagen til nykomne barn frå innvandrar- og flyktningefamiliar.

Skulekorps tek kontakt med den enkelte grunnskule for rekruttering av nye medlemmar. Kontaktopplysningar finn du her.

Instrumental- og vokalopplæring
nedre aldersgrense for opptak:
frå 1. trinn: fiolin
frå 3. trinn: piano, fløyte, klarinett, messinginstrument, saksofon, trekkspel
frå 3. trinn: gitar, el.gitar, el.bass, slagverk
frå 6. trinn: solosong
frå ca. 8. trinn: band (tillegg til instrumentplass)

Korgrupper frå 3. trinn: Grupper inndelt etter alder.

Kunstfag frå 4. trinn: Elevane vert kjent med mange ulike teknikkar og uttrykk. Teikning, maling, form og farge m.m. Me ønskjer nye elevar velkomne, også ungdommar. Grupper etter alder og nivå. Fleire utstillingar i løpet av skuleåret. Dette skuleåret startar me også opp med kunstfaggrupper på Frøyland skule.

Dans frå 1. trinn: Jazzdans, gruppedeling etter alder og nivå. Ballett frå 1. trinn: Gruppedeling etter alder og nivå.

Drama/ teater frå 3. trinn:Grupper delt inn etter alder. Me arbeidar med improvisasjon og skodespelarteknikk. Framføring av ulike skodespel er ein del av undervisninga.

Skapande skriving frå ca. 6. trinn: Er du glad i å skrive? Då kan dette vera noko for deg. Me skriv mange ulike tekstar og lagar bok ilag.

«Musikk frå livets begynnelse» 0-4 år: Musikkgrupper for barn ilag med føresette. Gruppeinndeling etter alder, dag- og ettermiddagstid.

Regnbuen gruppe for barn med spesielle behov. Støttekontakt eller foreldre kan vera med.

Bankers tilpassa band for vaksne med litt hjelpebehov.

Alle kulturskuleelevar i 10.trinn er kvart år med på å lage og framføre musikal i Storstova.

Kulturskulen har stort fokus på samspel med mange grupper på tvers av alder, fag og skulekretser.

Fredagsskulen er eit ekstra undervisningstilbod i vinterhalvåret for elevar som øsnkjer litt meir - fordjupning innan sitt fagområde. Vi samarbeider med Hå kulturskule. 6 fredagar er sett av til dette innan fagområda Musikk, Drama, Dans og Kunstfag. Elevar må søkje på eige skjema dei får frå sin faglærar.