Årets skiaktivitetsdag hadde me i Fåråsen. Ungdomsskulen hadde ansvar for ulike aktivitetar før lunsj. Dei var utruleg flinke til å ta seg av barneskulen og heia fram alle saman uansett aktivitet. Heldige er me som har ein slik fin gjeng på ungdomsskulen.
Til tross for dårlege vêrmeldingar, var det ingen som fraus i den kalde vinden. Mens elevane leika seg på ski, måtte lærarane grava store sitjeholer for at både elevar og bål skulle få litt le. Etter lunsj blei det skitur. Elevane gjekk alt i frå 3 km, 5 km, 7,5 km til 10 km i det kuperte terrenget som det er i Fåråsen. Nokon syntest nok det var litt meir skummelt enn dei hadde trudd med dei bratte bakkane, men alle klarte seg veldig godt.
Annakvart år er det skiaktivitetsdag og skitur. Neste år blir det derfor skitur skulen legg ut på.