Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
BUK (Barn og unges kommunestyre)

Elevrådstyret stilte på BUK 14. mars, der ei hovudsak var fordeling av straksmidlar på 35 000 kr.

Klepp ungdomsskule sitt forslag vant - i lag med Orstad skule! 

Alle eleveråda frå alle skulane i Klepp var samla til Barn og unges kommunestyre. Ordføraren ønskja velkommen og styrte møtet. Det var blant anna svar på spørsmål frå elevane, presentasjonar av innsendte suksessar  på skulane og orienteringar av ting som skjer i Klepp. Kanskje den viktigaste saka er tildeling av straksmidlar på 35000. Desse skal gå til noko som er bra for barn og unge i Klepp kommune.

Det var mange gode forslag - og Klepp ungdomsskule ville at midlane skulle brukast til oppgradering av utstyr til Klepp symjehall. Det viste seg at Orstad skule hadde nesten identisk forslag. Etter at alle forslaga var lagt fram, var det gruppemøter på kvar skule der elevane skulle diskutera kven dei ville stemme på. Under desse gruppemøta tok Klepp ungdomsskule initiativ overfor Orstad sine elevar om å slå saman dei to forslaga. Det blei dei einige om og informerte ordføraren om dette. 

Under avstemminga etterpå vant Orstad og Klepp ungdomsskule ein klar seier! 

Her er protokollen frå møtet.

 

Under her står elevane frå ungdomsskulen i lag med ordførar Kjetil Maudal. Frå venstre ser me våre dyktige elevrådsrepresentantar: elevrådsleiar Arian Eshaghi, sekretær Chelsey Kristensen og nestleiar Filip Krzyska.