Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Prosjektstart: Den gode skulen i Forsand

Kommunestyret i Forsand har vedteke å setja i gang prosjektet «Den gode skulen i Forsand». Prosjektet ta føre seg sentrale tema som:

- Skule –heim samarbeid
- Rolleavklaringar – skuleeigar, skuleleiar, tilsette, føresette
- Kultur – meir open kultur
- Informasjon

Etter ein del førearbeid vart det første møte i prosjektgruppa halde tysdag 29. november.
Prosjektgruppa består førebels av

  • Ragnvald Riis, skulefagansvarleg, prosjektleiar
  • Gunleif Haukelid, politisk representant i Samarbeidsutvalet
  • Ingunn Varhaug, rektor
  • Ingeborg Søyland, undervisningsinspektør
  • Udda Kjærvoll, representant for Utdanningsforbundet
  • Torill Idland, førebyggjande teneste

Gruppa vil etter kvart bli utvida med to nye representantar frå dei tilsette på skulen, og det er eit sterkt ønske om at og FAU blir med i prosjektgrupa med 2 representantar.

På det første møte diskuterte ein korleis gruppa skal arbeida, og korleis ein skal kunne nå breitt ut for å få foreldre, tilsette, elevar og politikarar aktivt med for å utvikla ein god skule. Viktige overskrifter for det vidare arbeidet er: Organisasjon, Relasjonar, Læringskultur og Meistring. 

Referat frå møta i prosjektgruppa vil du finne på skulen si heimeside. Sjå i Meny under Prosjekt: Den gode skulen i Forsand

Vi vil svært gjerne ha kontakt med alle som vil gje innspel og har meiningar om korleis vi saman skal skapa ein best mogleg skule for elevane i Forsand. Ta gjerne kontakt med prosjektleiar og skulefagansvarleg Ragnvald Riis, på e-post rri@forsand.kommune.no, eller på telefon 90525257.