Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Informasjon frå skuleleiinga

Det går raskt mot jul. Nå i starten av desember har me ikkje utprega vinterver, men det kan ennå koma. 

Om hausten er det mange brukarundersøkingar i kommunen. Skulen har foreldreundersøkinga open, og det er sendt ut eit passord for kvart barn. Det hadde vore fint viss så mange som råd kunne leggja inn sitt svar som avspeglar situasjonen rundt dokkar barn.

Minner om at det også i år blir skulejulegudsteneste – fredag 16.12. kl 13.10-14. For dei som heller ønskjer eit livssynsnøytralt opplegg, blir det lagt til rette for det til same tid. Gi skulen beskjed om kva du ønskjer for ditt barn på avkryssingslapp med frist tysdag 6.12. Skuleskyssen for dei som har rett på det går frå kyrkja denne dagen. Elevar med skyss som har opplegg på skulen, blir frakta derifrå.

Prosjektet Den gode skulen i  Forsand har starta opp. Det er skulefagleg ansvarleg Ragnvald Riis som har hand om dette. Det kan bli eit kjempespennande prosjekt framover. Håpet er at alle partar blir med etter kvart som arbeidet skrir framover.

Nå i adventstida skjer det mykje kjekt på skulen. I klassane er det pynta til advent og jul. Me høyrer elevar som øver på songar - det blir nok Lucia i år også. Dei vaksne har hemmeleg nissevenn, og det skjer mange underlege ting. Min hemmelege nissevenn hadde pakka inn kontordøra mi i julepapir, tastaturet og brillehuset var også fint gåvepakka. Store klasar med karamellar hang frå taket. For min del blei denne dagen både søt og festleg. Slike positive peik er utruleg kjekke å bli utsett for i ei travel adventstid. Alle hemmelege nissevener skal avslørast på juleavslutninga for personalet, så då får eg vita kven eg har å takka.

Ungdomstrinnet er nå inne i den aller første prøveperioden med leksefri. Det er eit eksperiment etter ønske frå elevane og elevrådet. Viss alle partar blir einige om eit konsept som blir vellukka, kan det henda at dei får prøva leksefri igjen i andre periodar.

Ønskjer dokker alle fine dagar fram mot jul!

Skulen, 05.12.16
Ingunn V